Verden/Arkiver/Med guds-kur mot homofili

Med guds-kur mot homofili

Bergens Tidende
31. January 1998

Samling i Tabernaklet: 27 år brukte Jerry Leach på å slutte å kle seg i kvinneklær. Seksuell gjenoppretting kan ta si tid, og Jerry gir gjerne gode råd på vegen.

Med guds-kur mot homofiliJerry & Charlene Leach (foto: Jan-Aage Torp)

TEKST: EYSTEIN RØSSUM

- Because God loves you! ropar pastor Jerry Leach. 
- Fordi Gud elsker deg! ropar oversetjar Jan Åge Torp - pastor frå Seierskirken i Oslo og engelsk-kyndig. 
- Amen! ropar Jerry og helsar til himmels med neven. 
- Amen! overset Jan Åge og hyttar i same retning. 
- Amen, mullar det i salen. Det er nokså tynt i stolradene i Tabernaklet i Marken. 30-40 sjeler, kanskje. Kor mange som er her for å rette opp seksualiteten sin veit ingen, men storparten ser ut til å vere husvarme frå før. Over 70 personar er påmeldt - dei fleste kjem først i helga, trur arrangørane. 
- Eg var avhengig av å kle meg som ei kvinne. Det var som eit narkotikum! Og ingen måtte vite om det - eg var jo pastor for ein stor kyrkjelyd! 

Fekk hjelp av Gud 
Seier Jerry Leach, og fortel saman med kona Charlene korleis han gjorde seg om til Jennifer Leach, korleis han sneik seg ut i kjole om kveldane, med leppestift, parykk og høghæla sko. Ut for å løyse ut spenninga, ut for å leve ut lystene. 
Heilt frå USA har han og kona kome for å tale i Tabernaklet. Tre dagar skal dei forkynne om korleis Jerry med Guds hjelp vart kvitt det brennande ønsket om å vere ei kvinne, korleis han vart kvitt dragninga mot andre menn. For det var ikkje rett - Gud skapte oss som kvinne og mann, og vil at vi skal leve saman som kvinne og mann, meiner Jerry. 
Det er pinsevennane i Bergen som har invitert pastoren. Han og kona leiar kyrkjelyden "CrossOver Ministries" i Lexington, Kentucky. Ifølgje ekteparet har dei over 600 medlemmer, mest transvestittar, homofile, lesbiske og andre "som har problemer knyttet til sin kjønnsidentitet", som det står i programmet. 

Lastebil under armen 
- Det var som om djevelen drog meg rundt etter ein ring i nasen, seier Jerry. Han var fast bestemt på å gå igjennom eit kjønnsskifte da Gud greip inn og fjerna Jennifer frå livet hans. 
- Eg vart løfta opp av to enormt sterke hender. Dei fylte meg opp med ei voldsom maskulin kraft. Så sette Gud meg ned, tok meg i handa og eg vinka farvel til Jennifer. Under armen fekk eg ein raud lastebil med svarte hjul, fortel Jerry. 
Etterpå sa Gud at han skulle gå inn i ein antikvitetsbutikk over gata og hente ei gåve. Der på disken stod den raude lastebilen. 
- Eg betalte ti dollar for han. I dag leikar barna med han heime. Bilen er eit symbol på Guds hjelp, seier Jerry. 

- Sendt av mor 
På tiande rad sit ein heilt vanleg 23-åring frå Oslo. Han veit ikkje heilt kva han skal tru. 
- Det var eigentleg mor mi som ville eg skulle reise hit. Ho slit veldig med at eg er homo, og meinte dette kunne vere bra for meg. 
Sjølv tykkjer han ikkje det er så vanskeleg å forsone seg med legningen sin, sjølv om det er trist at ikkje familien kan akseptere han. 
- Eg ser jo at det er problematisk i forhold til Bibelen. Og det er uansett greitt å høyre ein kristen fortelje om kva han har vore igjennom. Det har eg aldri gjort før, seier 23-åringen. Namnet sitt vil han ikkje ha i avisa - ikkje alle i slekta ville setje pris på det. 
Å bli kvitt legningen sin i løpet av helga har han ikkje noko stort håp om. 
- Eg er open for å endre meg. Men det må vera ærleg og fullt ut. Å berre prøve for å prøve blir meiningslaust. Men det er vel ingen som har lyst til å vere homo i utgangspunktet. Om det går an å gjere noko med det, veit eg ikkje, seier han. 

Powered by Cornerstone